Nyheter

Aina Basso f?r Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for 2014

Basso f?r prisen for den kritikarroste romanen Fange 59. Taterpige.
Juryen seier om f?lgande om boka:
“Fange 59. Taterpige er eit sterkt portrett av ei ung jente som f?r livet snudd p? hovudet.
Vi treng skj?nnlitter?re forfattarar som b?de skriv godt og som med god litteratur kastar seg inn i debatten om menneskeverd ogs? i dag, tre hundre?r etter at taterjenta Maria i romanen hamna p? tukthuset i Trondheim.”
I juryen for fondet sit: Jan Kl?vstad, Ottar Fyllingsnes og Durita Brattaberg. Prisen er p? 10 000.

Alfred Andersson-Ryssts pris g?r annakvart ?r til ung, lovande nynorskforfattar, og annakvart ?r til personar eller prosjekt som aukar kultursamarbeid mellom Norge og F?r?yane eller Norge og Island.
Prisen har blitt delt ut sidan 1959. Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Olav H. Hauge, Jon Fosse, Maria Parr, Brit Bild?en og Agnes Ravatn.

Prisen vert delt ut p? ?rsm?tet i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget 24.april.
Aina Basso (f. 1979) kjem fr? Giske. Ho er utdanna historikar og bur i Oslo. Ho debuterte med ungdomsromanen Ingen m? vite i 2008, og i 2012 var ungdomsromanen Inn i elden nominert til Brageprisen i ?pen klasse, ungdomsb?ker. I fjor var ho norsk kandidat til Nordisk R?ds pris for beste barne- og ungdomsbok for Inn i elden.

Om Fange 59. Taterpige: Ei ung taterjente er p? flukt gjennom Trondheims gater. Byens vaktarar vil ha henne og folket hennar vekk fr? byen. Maria kjem bort fr? f?lgjet sitt og hamnar p? tukthuset. Her fortel ho historia om livet p? landevegane, med familien og folket hennar, og med guten ho blei forelska i.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur p? nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart ?r av norsk og omsett skj?nnlitteratur, barne- og ungdomsb?ker, dokumentar- og faktalitteratur, ordb?ker og l?remiddel for h?gare utdanning.

Similar Posts