Brit Bild?en kjem med ny roman 19.8.; “Sju dagar i august”

Brit Bild?en er klar med ny roman, Sju dagar i august 19.8.
Lansering av boka p? Ingensteds, Brenneriveien 9 i Oslo tysdag 19.8. kl 19.00 (med Ruth Lillegraven, og musikk ved Sandra Kolstad og Bj?rn Tomren)

I eit framtids-Oslo prega av regn og flom, strevar eit ektepar med sorga etter dottera som d?ydde p? Ut?ya. I l?pet av ei veke i august opplever Sofie og Otto ei rekkje sm? ulykker. Kvar for seg er ikkje desse hendingane s? alvorlege, men dei avsl?rer sm? og store sprekkar b?de i ekteskapet, p? jobben og i samfunnet rundt dei. Er alt i ferd med ? falle fr? kvarandre? Eller er desse ulykkene p?minningar om ein st?rre livskatastrofe?
Romanen er lagt fram i tid. Sofie jobbar p? Munch-museet i Bj?rvika, Otto er leiar for FROM, Foreningen for romfolket. Dei har busett seg p? T?yen i Oslo. Valet av jobb og bustad er del av ein plan for overleving. Det er ?tte ?r sidan terrorangrepet, der Sofie mista dotter si. Ekteparet har halde det g?ande fram til denne veka i august. Men kor lenge kan sorgarbeid vere ein felles prosess? Medan regnstormar herjar og konfliktane t?rnar seg opp, blir det klart for Sofie og Otto at dei ikkje kan la livet g? vidare som f?r.
Brit Bild?en (f. 1962) er forfattar og forlagskonsulent. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan gitt ut barneb?ker, gjendiktingar, romanar og essay.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur p? nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart ?r av norsk og omsett skj?nnlitteratur, barne- og ungdomsb?ker, dokumentar- og faktalitteratur, ordb?ker og l?remiddel for h?gare utdanning.

Authors

Related posts

Top