Erna Osland med ny faktabok for barn; “Under ein stein. Ei bok om sm? dyr”

I boka Under ein stein. Ei bok om sm? dyr skriv Erna Osland om dei sm? dyra som liker seg der det er m?rkt og v?tt, og derfor g?ymer dei seg under steinar. Her ligg dei stille og trur at ingen veit om dei: billene, edderkoppane og makkane.
Erna Osland har skrive ei faktabok for barn om virvellause sm?kryp som mellom anna spretthale, saksedyr, l?pebille, skrukketroll, tusenbein, skolopender.
Boka er illustrert av Inger Lise Belsvik.
Erna Osland (f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste b?ker for barn, ungdom og vaksne.
Osland er fr? H?yanger i Sogn. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009).
Erna Osland har f?tt ei rekkje prisar for b?kene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris, Nynorsk barnelitteraturpris og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur p? nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart ?r av norsk og omsett skj?nnlitteratur, barne- og ungdomsb?ker, dokumentar- og faktalitteratur, ordb?ker og l?remiddel for h?gare utdanning.

Authors

Related posts

Top