Nyheter

Forfattar Jan Roar Leikvoll er d?d

Det var med stor sorg vi i Samlaget fekk melding om at Jan Roar Leikvoll har g?tt bort. Det skjedde br?tt og uventa. D?ds?rsaka er ikkje kjend enno, men Leikvoll var open om at han levde store delar av livet med ein hjernesvulst som aldri vart borte.

Leikvoll var fr? Frekhaug i Nordhordland og gjekk p? Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han debuterte p? Det Norske Samlaget i 2008 med den kritikarroste romanen Eit vintereventyr. Romanane Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013) stadfesta han som ei av dei sterkaste og mest s?rprega stemmane i ny norsk litteratur.

B?kene til Leikvoll er kjenneteikna av eit brutalt, r?tt, men samstundes vakkert og kjenslevart spr?k, der yttergrensene for menneskeleg erfaring blir portrettert med n?delaus realisme.

For romanen Fiolinane fekk Leikvoll Nynorsk litteraturpris og same bok blei nominert til Kritikerprisen og Ungdommens kritikerpris. I 2010 blei han tildelt Sigmund Skard-stipendet og Bj?rnsonstipendet.

For dei tre f?rste romanane mottok han i 2013 b?de Bokhandelens forfattarstipend og den prestisjetunge prisen Stig S?terbakkens minnepris. Juryen for sistnemnde pris uttalte: ?Hans forel?pige forfatterskap er et av de mest gjennomf?rte og unike prosjektene i norsk samtidslitteratur.?

Den store, stillferdige mannen, som skreiv s? omsynslaust, men samstundes hjarteskjerande vakkert om livet sj?lv, har g?tt bort. Jan Roar Leikvoll vil bli djupt sakna.
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur p? nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart ?r av norsk og omsett skj?nnlitteratur, barne- og ungdomsb?ker, dokumentar- og faktalitteratur, ordb?ker og l?remiddel for h?gare utdanning.

Artykuly o tym samym temacie, podobne tematy