“I kreft og kj?rleik” – Gripande og innsiktsfull bok om alvorleg sjukdom

To menneske har nylig funne kvarandre, i godt vaksen alder. Jostein Nerb?vik og Ellen Kristvik st?r i startgropa til eit liv i lag d? den inngripande meldinga sl?r inn i liva deira: Kreften hans har spreidd seg fr? den m?rke f?flekken som for lengst er fjerna.

I kreft og kj?rleik. Ettertankar av Ellen Kristvik er ei bok om ein spesiell mann og ei konkret kj?rleikshistorie. Men ho er skrive i ei overtyding om at utfordringane dette paret stod i, peikar langt utover dette eine tilfellet, og gjeld noko som er heilt allment.

Historikaren Jostein Nerb?vik vart kreftsjuk, men slutta ikkje ? arbeide for det. Boka handlar om spenninga mellom det ? vere pasient med ein alvorleg diagnose, og det ? vere aktivt og levande til stades til siste slutt. Det er ogs? ei forteljing om forventningar til det helsevesenet kan tilby og h?pet om nye sjansar, og motstanden mot den krevjande pasientrolla, som kan kome til ? dominere livet og skugge for alt det ein elles er.

Ho som stod han n?rast. Ellen Kristvik, sjukepleiar og antropolog, fekk ogs? livet sitt endevendt. Etter at Jostein d?ydde, skreiv ho forteljinga om den krevjande sjukdomstida og det ? vere n?rmaste p?r?rande til ein som er alvorleg sjuk. Det handlar om stort ansvar, mange former for balansegang, og ein utydeleg posisjon som p?r?rande i forhold til helsevesenet. Det siste forskingsprosjektet hennar handla om helsetenesta sitt m?te med alvorleg sjuke kreftpasientar, noko ho tidlegare ogs? har jobba med som sjukepleiar.
Ellen Kristvik (f. 1955) er forskar p? Avdeling for helsetenesteforskning p? Akershus Universitetssjukehus. Ho er antropolog og har ?g bakgrunn som sjukepleiar.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur p? nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart ?r av norsk og omsett skj?nnlitteratur, barne- og ungdomsb?ker, dokumentar- og faktalitteratur, ordb?ker og l?remiddel for h?gare utdanning.0000

Authors

Related posts

Top