Instagram-fenomenet Ida Skivenes p? toppliste over dei mest kreative businessfolk i verda

Det amerikanske bladet Fast Company har laga ei toppliste over dei mest kreative businessfolka i verda. Blant namn som Jerry Seinfeld og toppsjefar i Google, Starbucks og Lego, finn ein Ida Skivenes p? 82. plass. Skivenes er kjent som idafrosk p? Instagram og ga ut boka Leik med maten p? Samlaget i fjor haust. Boka kom ut samstundes i ei engelsk utg?ve, Eat your Art out.
Skivenes deler matglede og kreativer frukostar med over 200 000 f?lgarar fr? heile verda p? Instagram. Med enkle grep gjer ho ei vanleg br?dskive til eit lite kunstverk. Skivenes lager alt fr? isbj?rngraut, ape-pannekaker og br?dskive med Munch-motiv til frukostvariantar av Big Ben, Taj Mahal og Oslo r?dhus.

– Eg er veldig glad og overraska over ? bli inkludert i eit slikt imponerande selskap av kreative folk, seier Skivenes som no bur i Berlin, og har permisjon fr? jobben i Statistisk sentralbyr? for ? leve av matkunsten p? heiltid.
Meir p? www.fastcompany.com/section/most-creative-people-2014

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur p? nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart ?r av norsk og omsett skj?nnlitteratur, barne- og ungdomsb?ker, dokumentar- og faktalitteratur, ordb?ker og l?remiddel for h?gare utdanning.

Authors
Top