Nyheter

Jostein Fet aktuell med “Stemmer fr? ei fjern tid” – kva las vanlege folk i dansketida?

Jostein Fets nye bok Stemmer fr? ei fjern tid. Forteljingar om b?ker, viser, magiske formlar og merkelege teikn 1550-1814 dokumenterer korleis folk p? bygdene las langt meir enn vi f?r har trudd. Fet fortel levande om fleire b?ker fr? den dansk-norske elitens litteratur, b?ker som p? forunderleg vis hamna i allmugehender og fekk ein s?rskild funksjon der.
Her l?rer vi ? kjenne ein ukjend bergenshumanist, vi f?r smakebitar av eit katekismeverk p? 8000 sider (!), vi er med p? ? analysere ei av dei aller eldste folkevisene i landet. Ei ukjend verd opnar seg i kapitla om magiske formlar og nokre utydde teikn p? veggen av ei sengebu.

Jostein Fet (f. 1924) er litteraturhistorikar og litteratursosiolog. Han har vore dosent og undervisningsleiar ved H?gskulen i Volda. Viktigaste forskingsomr?det hans har vore bondeallmugens litter?re liv mellom 1600 og 1850. Fleire av b?kene hans er blitt st?ande som viktige referanseverk i norsk og skandinavisk litteraturforsking. Av Jostein Fets mange artiklar og b?ker har s?rleg Lesande b?nder (1995) og Skrivande b?nder. Skriftkultur p? Nord-Vestlandet 1600?1850 (2003) hausta mange lovord i inn- og utland, og han vart i 2006 tildelt Forskarprisen p? H?gskulen i Volda.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur p? nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart ?r av norsk og omsett skj?nnlitteratur, barne- og ungdomsb?ker, dokumentar- og faktalitteratur, ordb?ker og l?remiddel for h?gare utdanning.

Similar Posts