Kari Smeland klar med ny barnebok; “Sirkus Spetakkel”

Kari Smeland er klar med ny, sprelsk barnebok, Sirkus Spetakkel. Smeland debuterte med den kritikarroste boka Familien Kr?kestup og nyset i nabohuset i 2012. Debutboka er selt til Tyskland, Frankrike, Tjekkia og Danmark.

Om Sirkus Spetakkel: Vesle Ada elskar livet p? landevegen saman med dei to rufsete sirkusonklane sine. Sirkus Spetakkel er det trivelegaste og beste vesle sirkuset ein kan tenke seg. Men ein dag blir idyllen broten. Den ekle sirkusdirekt?ren Rottekjeften vil ha Sirkus Spetakkel vekk fr? landevegen, og i byen bak dei taggete fjella byrjar kampen om sirkustrona og jakta p? ei mor Ada ikkje hugsar.
Sirkus Spetakkel er ei varm, humoristisk og nydeleg forteljing om kampen mellom dei greie, og dei som ikkje er fullt s? greie, om vennskap, kj?rleik og saknet etter mor.
Kari Smeland (f. 1984) kjem fr? Kviteseid i Telemark og bur i Oslo. Ho har ein bachelor i historie- og samfunnvitskap og jobbar som bibliotekar.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur p? nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart ?r av norsk og omsett skj?nnlitteratur, barne- og ungdomsb?ker, dokumentar- og faktalitteratur, ordb?ker og l?remiddel for h?gare utdanning.

Authors

Related posts

Top