Lansering av Benedicte Maurseths bok “? vera ingenting. Samtalar med spelemannen Knut Hamre”

Lanseringsarrangement:
I Oslo laurdag 10.mai. kl 12 p? Det Norske Teatret, Bikuben. Hamre og Maurseth i samtale med Ole E. B?. Opplesing og felespel.
I Bergen: Litteraturhuset, Auditoriet, 15. mai kl 19. Maurseth les og fortel fr? boka og framf?rer ny og tradisjonell sl?ttemusikk.
Om boka:

Som liten gut kakka Knut Hamre p? d?rene til alle naboane heime i Granvin. Han stod utf?re med felekassen i handa og m?tte spele for seg sj?lv og for andre. Sidan den gong har livet hans handla om ? spele hardingfele og ? l?ra spel vidare til nye generasjonar.

Knut Hamre (f. 1952) er rekna for ? vere ein av dei fremste ut?varane p? hardingfele i dag. Han er felepoet og ein meister i faget. Benedicte Maurseth har i 24 ?r vore elev av felemeistar Hamre. N?r ho ser attende er det samtalane som har vore det viktigaste i oppl?ringa. I boka samtalar meister og elev om blant anna kunst, dikting, medkjensle og mystikk.Vi vert kjend med Hamre som menneske, kunstnar og l?remeister, og med livsfilosofien hans, tanken om ? vera ingenting.

Boka har f?reord av Jon Fosse
Benedicte Maurseth (f. 1983) kjem fr? Eidfjord i Hardanger, men er busett i Bergen. Ho byrja ? spela hardingfele ?tte ?r gamal. Maurseth er musikar, komponist og skribent. Ho blei i 2007 k?ra til ?rets unge folkemusikar
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur p? nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart ?r av norsk og omsett skj?nnlitteratur, barne- og ungdomsb?ker, dokumentar- og faktalitteratur, ordb?ker og l?remiddel for h?gare utdanning.

Authors

Related posts

Top