Lansering: “Sjakk. Ei kj?rleikshistorie” av B?rd Vegar Solhjell

Lanseringsarr. Fisk og Vilt, Pl?ensgt 1 i Oslo, 23.10. kl 19.

B?rd Vegar Solhjell presenterer boka. VG Tvs Mads Andersen samtalar med Solhjell, Abid Raja, og toppspelar Silje Bjerke.

Heile livet har politikaren B?rd Vegar Solhjell vore djupt fascinert av sjakk. I barndomen var han ein talentfull sjakkspelar, seinare vart sjakken meir som ein hemmeleg lidenskap.
I boka forklarer Solhjell enkelt og underhaldande kvifor stadig fleire elskar sjakk. Han skriv om sjakkens historie og framtid. Om kvar sjakk kjem fr?, dei store profilane og om sjakk i film, musikk og i politikk.
Dette er ei bok for alle nysgjerrige som sit med ubesvarte sp?rsm?l etter OL og VM. Ei bok for deg som vil forst? meir av eit av verdas eldste og mest utbreidde spel.
Med f?reord av Hans Olav Lahlum.
B?rd Vegar Solhjell (f. 1971) fr? Sunnfjord i Sogn og Fjordane, er utdanna statsvitar. Han har vore kunnskapsminister 2007?2009 og milj?vernminister 2011?2012. I dag er han stortingsrepresentant for SV fr? Akershus og nestleiar i SV. Han er gift, har tre born og bur i Son i Akershus. Han har tidlegare gitt ut Solidaritet p? ny (2011).

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur p? nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart ?r av norsk og omsett skj?nnlitteratur, barne- og ungdomsb?ker, dokumentar- og faktalitteratur, ordb?ker og l?remiddel for h?gare utdanning.0400

Authors

Related posts

Top