Nynorsk barnelitteraturpris 2013 til Erna Osland

Nynorsk barnelitteraturpris 2013 g?r til Erna Osland for boka Nasevis. Det er Noregs M?llag som st?r bak prisen. Prisen vert delt ut i dag ved opninga av landsm?tet til Noregs M?llag. Prisen har vore delt ut sidan 1968 og er p? 30 000 kroner. Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Ragnar Hovland og Maria Parr.

Juryen om prisvinnaren:

“Erna Osland gjer eit s?rs viktig arbeid med ? produsere nyskriven faglitteratur for ungar. Ho har skrive mange gode fagb?ker om ulike emne, og fleire av desse b?kene h?ver godt for eldre ungar, ei lesargruppe som har f?rre bokutgivingar retta til seg. Juryen meiner prisvinnaren fortener heider for satsinga p? faktab?ker for denne lesegruppa, og med vinnarboka stadfestar forfattaren posisjonen sin innafor sjangeren.
Forfattaren har eit godt blikk for detaljar, som blir nytta som innfallsvinkel og fellesnemnar i ei rekkje av utforskande faktab?ker, og det er nett i det kvardagslege og alminnelege at forfattaren faldar ut ei fantastisk verd for lesaren. Det er eit godt forteljargrep som f?r lesarane med til ? tenkje utanfor vante kategoriar og oppdage nye samanhengar. I vinnarboka er nasar ein slik fellesnemnar, og boka femnar om b?de menneske- og dyrenasar, store som sm?.”
Juryen:
Margit Ims, Arild Torvund Olsen og Anne Skaret.
Erna Osland (f. 1951) debuterte i 1987 og har skrive ei rekkje kritikarroste b?ker for barn, ungdom og vaksne. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009). Erna Osland har f?tt ei rekkje prisar for b?kene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris, Nynorsk barnelitteraturpris og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur. Osland er no busett i Byrknes?y i Sogn.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur p? nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart ?r av norsk og omsett skj?nnlitteratur, barne- og ungdomsb?ker, dokumentar- og faktalitteratur, ordb?ker og l?remiddel for h?gare utdanning.

Authors

Related posts

Top