Nyheter

Nynorsk litteraturpris 2013 til Sigrun Slapgard

Vinnaren av Nynorsk litteraturpris 2013 er Sigrun Slapgard for boka ?Englestien? som kom i fjor.
Nynorsk litteraturpris vert delt ut i dag ved opninga av landsm?tet til Noregs M?llag. Dei som st?r bak prisen er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs M?llag. Prisen har vore delt ut sidan 1982 og er p? 30 000 kroner.Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Jon Fosse, Kjartan Fl?gstad og Marit Eikemo.

Fr? grunngjevinga til juryen:
“Romanen som er ein frittst?ande oppf?lgjar av den fyrste romanen hennar ?Paradishagen? er ein sterk og vakker roman om barndom, familie, kj?rleik og sorg og om ? m?tte sj? i auga det ein fryktar mest. ? ikkje t?rre ? ta farvel, men likevel ? m?tte ta farvel. (…) I eit dialektn?rt, opent og assosiativt spr?k beveger handlinga i romanen seg mellom fortid og notid, forskjellige tidslinjer blir vevd saman og grip inn i kvarandre. Sigrun Slapgard er ein kunstnar i ? utelate. Romanen antyder i mykje st?rre grad enn den utbroderar. Og det er dette som er romanens styrke, og som gjer karakterane s? ekte og historia s? sterk. Vi f?r berre ei flik av sanninga, slik som i r?ynda, og nett difor held ho oss slik i bann. I stor grad er tema i romanen at orda forsvinn n?r dei verkeleg er naudsynte, at eit inderleg ?nskje om ? kommunisere ikkje gjer orda lettare tilgjengeleg, snarare tvert i mot.”

Juryen: Ragnar Hovland, Ove Eide og Mari Moen

Sigrun Slapgard (f. 1953) er forfattar og arbeider ogs? i NRKs utanriksredaksjon. Ho blei nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindb?k (2002), og har ogs? skrive biografien om Sigrid Undset (Dikterdronningen, 2007). Paradishagen i 2011 var den f?rste romanen hennar.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur p? nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart ?r av norsk og omsett skj?nnlitteratur, barne- og ungdomsb?ker, dokumentar- og faktalitteratur, ordb?ker og l?remiddel for h?gare utdanning.

Similar Posts